Stor interesse for Aktivitetsprisen
Høg aktivitet kan gjeva både god helse og pengar til aktivitet
Illustrasjonsfoto frå Lom ungdomsskule.17 av 19 skular i norddalen har meldt seg på konkurransen om Aktivitetsprisen 2012. Det vil seia over 2000 elevar og 300 lærarar som er med på å konkurrere om å vera dei mest aktive i Nasjonalparkriket.
Aktivitetane skal vera fysisk aktivitet i samband med skulen/skulevegen utanom vanlege kroppsøvingstimar. Men så stor aktivitet born og unge har i Lom frå før bør det liggje godt til rette for ein dugeleg innsats herifrå.