demens2017

Stor interesse for kurs i demensvenleg samfunn i Lom!

Lom kommune har inngått ei samarbeidsavtale med Nasjonalforeininga for folkehelsa om eit meir demensvenleg samfunn. 14. mars arrangerte arbeidsgruppa kurs for bedrifter i Lom på Storstugu, Lom helseheim.

Det var 21 påmelde, noko som kan tyda på at dette er eit viktig tema! Spesialsjukepleiar Asta Runhild Turtum, Lom,  informerte om demenstilbodet i Lom. Sjukepleiar Liv Jorunn Korstad som til dagleg arbeider i SAM-AKS/Ressurseininga for demens ved Sanderud førelas om emnet. Det var høve til å stille spørsmål og fleire av dei frammøtte delte sine erfaringar. Arbeidsgruppa vurderer å arrangere nye kurs til hausten.

Tips ein ven Skriv ut