Studentar

Studentar, kursdeltakarar og vaksne som er i ein opplæringssituasjon kan nytte seg av tilboda i biblioteket. Vi kan skaffe bøker, artiklar og evt. andre medium. Pensumlitteratur der heile eller store delar av boka er pensum, må studentar i utgangspunktet skaffe sjølve. Vi tilbyr enkel opplæring i søk i eiga samling og i eksterne kjelder som t.d. BIBSYS. Vi har eit studierom med 5 PCar og skrivar som kan nyttast også utanom opningstida til biblioteket (vi låner ut nøkkel mot depositum). Etter avtale med vidaregåande skule kan vi tilby videokonferanseutstyr og eksamensavvikling.
  • Målgruppe for tenesta

    • Studentar og kursdeltakarar
  • Pris

    • All littartur vi låner inn er gratis for lånaren. Depositum kr 200,- for utlån av nøkkel til bruk av studierommet. Eksamensavvikling og utlån/utleige av videokonferanseutstyr skjer etter avtale med vidaregåande skule.
  • Kontakt e-post

  • Kontakt telefon

    • 61211630
  • Lovgrunnlag

    • Biblioteklova, sjå lenkeboksen på høgre side.