Framside/Tenester til deg/Skule og utdanning/Studiesenteret

Studiesenteret

Biblioteket og studiesenteret kan tilby fylgjande tenester til studentar og andre:

- Eit grupperom med 5 PCar og 4 - 5 lesesalplassar. Registrerte studentar kan nytte seg av rommet også utanom opningstidene til biblioteket. Vi låner ut nøkkel.
- 20 lesesalsplassar eller gruppebord som er plassert rundt om i biblioteket.
- Vi har avtale med vidaregåande skule om at vi kan nytte oss av deira nye videokonferanseutstyr dersom studentar etterspør dette.
- Med enkle grep kan det gamle studiesenterrommet gjerast om til kurslokale på kveldstid. Rommet har prosjektor, PC og lerret.
- Skaffe faglitteratur i form av bøker, artiklar eller andre media.
- Enkel rettleiing av studentar som treng hjelp med data eller studierettleiing.
- Lær data i biblioteket, eit tilbod til dei som er nybegynnarar på data. Kurs vår og haust.
  • Målgruppe for tenesta

    • Innbyggjarar som held på med, eller planlegg utdanning. Bedrifter som treng kompetanseheving.
  • Slik får du tenesta

    • Ta kontakt med Lom folkebibliotek.
  • Pris

    • Gratis for registrerte studentar.
  • Kontakt

    • Lom folkebibliotek
  • Kontakt e-post

    • biblioteket@lom.kommune.no
  • Kontakt telefon

    • 61 21 16 30
Tips ein ven Skriv ut