Ekspedisjon med Amundsen

Ekspedisjon med Amundsen

Sjeldan vi har teaterframsyningar i Lom

Teater i Steinfjoset onsdag 19. kl. 19.

Onsdag 19.september kl. 19 syner teatergruppa TGP (The Great Pretenders) med rotfeste i norddalen den nye framsyninga si «Ekspedisjon».
Her er to menn i konkurranse med ein annan ekspedisjon om å koma fyrst til polpunktet.
Inspirert av Scott og Amundsen sitt kappløp er Ekspedisjon ei reise gjennom endelause vidder, varme minne og kalde tær. Der ein og annan pingvin vil ha eit ord med i laget.
Framsyninga er for alle som har lyst. Historia blir fortalt på ein lun og humoristisk måte.
Regi: Øystein Johansen
Komponist: Hans Kristen Hyrve
Tips ein ven Skriv ut