Telenor sitt nett nede i Gudbrandsdal og Ottadalen

Lom kommune har vore i kontakt med Telenor som stadfestar at telefonnettet er heilt eller delvis nede for tida. Dei arbeider med å få retta opp saka. For å kontakte kommunen ber vi om at det blir brukt e-post, post@lom.kommune.no, eller møte fram på Servicetorget, Midtgard. Her er det tilsette til stades, inntil situasjonen i telenettet er retta.

Om du har summetone (mobil, men her er nettet redusert), kan du ved krisesituasjonar ringje: +88 16 41 45 27 55 eller +88 16 41 45 27 72. Naudnummer er i drift, men her og er du avhengig av summetone.
Tips ein ven Skriv ut