Skjermbilde 2016-10-19 kl

Telenor skal levera fiber til 1100 husstandar i Nord-Gudbrandsdal

Telenor har inngått avtale om breibandsutbygging med seks kommuner i Nord-Gudbrandsdalen, og vil byggja fibernett til omtren 1100 husstandar i Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå. I tillegg er oppgradering frå 2G til 4G i mobilnettet godt i gang i området

Prosjektet er eit samarbeide mellom Telenor og dei seks kommunene. Over 1000 husstandar, fritidsboligar og bedrifter vil få tilbod om både breibands- og TV-produkt over fiberkabel. Utbygginga vil bli utført 2017/18. Kommunene har fått 15 millionar i tilskot frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet til utbygginga. I tillegg investerer telenor meir enn tilskossummen i dette store prosjektet.

Fibernettet i Nord-gudbrandsdalen kostar over 40.000,- per husstand, ein høg utbyggingskostnad fordi mange husstandar ligg grisgrendt. Husstandane vil betala ei tilkoplingsavgif på kr. 4.990,- Resten av utgiftene knytt til utbygginga blir dekt av tilskotet og Telenor. Kundar vil få fiber levert inn i huset via luftstrekk der det er mogleg, eller ved at Telenor grev fram til husvegg der det er naudsynt. Kunden sjølv treng ikkje å grava i dette prosjektet.

I Lom er det Bøverdalen Telenor skal byggja ut. 

Heile pressemeldinga frå Telenor kan de lesa her(Lenke)

Tips ein ven Skriv ut