Boka kjem
Vi tilbyr å sende bokpakker eller lydbokpakker til personar som har problem med å koma seg til biblioteket på eiga hand. Vi samarbeider med Friviljugsentralen om tenesta, og dei leverer pakkene heime hjå dei som ynskjer å nytte seg av tilbodet.
Lær data i biblioteket
Vi arrangerer eit grunnleggjande kurs som går over 7 timar vår og haust dersom vi får deltakarar. Innhald i kurset er å bli kjent med PCen og dei ulike delane, enkel tekstbehandling og lagring, e-post, internett og nettbank. Meld frå til biblioteket dersom du ynskjer å nytte deg av tilbodet. Du kan også koma til biblioteket og få enkel rettleiing i bruk av PC utanom kursperioda. Vi har 9 publikums-PCar som står til fri disposisjon for alle i opningstida.
Studentar
Studentar, kursdeltakarar og vaksne som er i ein opplæringssituasjon kan nytte seg av tilboda i biblioteket. Vi kan skaffe bøker, artiklar og evt. andre medium. Pensumlitteratur der heile eller store delar av boka er pensum, må studentar i utgangspunktet skaffe sjølve. Vi tilbyr enkel opplæring i søk i eiga samling og i eksterne kjelder som t.d. BIBSYS. Vi har eit studierom med 5 PCar og skrivar som kan nyttast også utanom opningstida til biblioteket (vi låner ut nøkkel mot depositum). Etter avtale med vidaregåande skule kan vi tilby videokonferanseutstyr og eksamensavvikling.
Utlån
Alle kan fritt låne bøker og andre medium som biblioteket stiller til disposisjon. Vi kan også bestille bøker, artiklar og andre medium frå andre bibliotek.
