Lom frisklivssentral

Frisklivsrettleiar har permisjon frå stillinga ut 2018. Har ein behov for frisklivstenester må ein derfor snakke med fastlege for henvising til fysioterapi, eller leiar for fysioterapitenesta. Dei som har behov for frisklivstenester vil da få tilbod om fysioterapioppfølging i staden, og her gjeld fysioterapitakster etter «Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi m.m

Målet er å setja kvar enkelt i stand til å endre levevanane sjølve

 

Frisklivssentralen ynskjer å hjelpe personar som vil endre livsstil for å oppnå sunne levevanar. Frisklivsrettleiar arbeider etter prinsippet om ”hjelp til sjølvhjelp”, det vil seie at du må ha motivasjon og lyst til å gjere ei endring, og vera innstilt på å jobbe med dette over tid. Tilbodet frå Lom Frisklivssentral er i dag oppfølging i gruppe. Gruppene vil ha ulikt tema frå gong til gong, til dømes overvekt, diabetes og kroniske smerter. Det er oppstart av ny gruppe kvar haust.

Kontakt

Synne Skogsrud Bjørgen
Leiande fysioterapeut
Mobil 481 65 520