Lom helsestasjon

Lom helsestasjon har vertskommunesamarbeid med Skjåk helsestasjon. 

Helsestasjon- og skulehelsetenesta skal gje informasjon og rettleiing til barn og unge, føresette, gravide, samt befolkninga i kommunen.

 

Kontakt Lom og Skjåk helsestasjon via sentralbordet deira. Tlf nummer 46700060 

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ei gratis teneste til alle barn og unge 0-20 år. Tenesta er eit lågterskeltilbod og skal ta i vare det heilheitlege førebyggjande og helsefremmande arbeidet. Tenesta arbeider også med miljøretta helsevern, smittevern og reisevaksinering. 

Tenesta har samarbeid med andre kommunale tenester som lege, jordmor, fysioterapeut, avdeling for psykisk helse, NAV, barnevern, PPT, barnehage og skule. Samarbeid med tenester i fylkeskommunen som tannhelsetenesta og skulehelsetenesta i vidaregåande skule. Samarbeider med spesialisthelsetenesta som BUP(barne- og ungdomspsykiatri)og habiliteringstenesta.

Tenesta er eit tilbod som du får ved å ta kontakt med helsestasjon eller skulehelsetenesta. Når barn flytter til Lom, får tenesta oversendt helsekortet når foreldre ber om dette frå den førre helsestasjonen. Foreldre til nyfødt blir kontakta så fort som mogleg etter heimkomst og når fødselsmelding frå sjukehuset har kome.

Lovgrunnlag

  • Tenesta er lovpålagt.
  • Folkehelselova
  • Helse- og omsorgstjenesteloven
  • Forskrift om kommunen si helsefremmande og førebyggande arbeid i helsestasjon- og skulehelsetenesta.
  • Veileder IS-1154 til forskrift.
  • Helsepersonelloven.
  • Pasientrettighetsloven.

Rett til å klage

Klage på tenesta kan sendast leiar for Helse- og velferd, Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 LOM

Opningstider

 

Måndag - Fredag: kl. 08:00 - 15:30

 

 

 

Adresse

Krokamyrvegen 18, 2686 Lom