I skulehelsetenesta arbeider vi med førebyggjande helsearbeid både på individ- og befolkningsnivå. Vi har tett samarbeid med skulen, føresette og elevar, og kan bidra med samtalar, informasjon og rettleiing.
Vi har eit friskfokus og arbeider med å styrke dei elementa som gjev god helse, og samarbeider med andre tenester for å oppnå dette.
Les meir om skulehelsetenesta i brosjyren vår (DOCX, 16 kB)
Brosjyre om ressursgruppe i Lom (PDF, 558 kB)
Når er vi å treffe på skulane?
Stine er å treffe på Loar skule: tysdag og torsdag kl. 10.30 – 13.30.
Liv Marie er å treffe på Lom Ungdomsskule: tysdag kl. 10:00 – 13:00.
Målgruppe for tenesta
Barn og unge frå 5 - 20 år
Slik får du tenesta
- Ta kontakt når helsesjukepleiar er på skulen.
- Ta kontakt på helsestasjonen.
- Ta kontakt på telefon.
Pris
Tenesta er gratis.