Vaksinering

Barnevaksinasjonsprogrammet

Tenesta tilbyr vaksinasjon etter Barnevaksinasjonsprogrammet, som er det nasjonale programmet for vaksinering mot smittsame sjukdomar etter Smittevernloven § 3-8. Nasjonalt Folkeheleinstitutt gjev føringar om det faglege innheldet som inngår i programmet, målgrupper, intervall og den tekniske smansetjinga av vaksinene. Alle barnevaksiner er gratis.  Les meir om vaksiner: https://www.fhi.no/sv/vaksine/ 

HPV-vaksinasjon

HPV - vaksine for unge kvinner født 1991 eller seinare

Du kan bestille time ved å kontakta oss på helsestasjonen.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine: 

Folkehelseinstituttet si nettside www.fhi.no/hpv-vaksine

 

Reisevaksinering

For deg som skal ut og reise, kan tenesta tilby informasjon og rettleiing i høve tilrådd vaksiner for dei ulike landa i verda. Nokre vaksiner er reseptbelagte som fastlegen din må skrive ut. Les meir om reisevaksiner: https://www.fhi.no/sv/vaksine/reisevaksiner/  Pris: Injeksjon kr. 100,-. Ulik pris på kvar einskild vaksine. Betaling: kontant, faktura (gebyr kr. 50) el. Vipps (vipps-nummer 130009).

 

Kontakt

Stine Brenna
Helsesyster
Mobil 976 67 746
Liv Marie Øyjordet
Leiande helsesyster
Mobil 976 67 747