Korttidsopphald

Målgruppa for korttidsopphald er personar som har behov for rehabilitering og utgreiing m.m.

Korttidsopphald i sjukeheim inneber:

  • Eit døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod, som er tidsavgrensa.
  • Regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering.
  • Kontakt med spesialist og tannhelseteneste etter fagleg vurdering.
  • Kontakt med fysio- og ergoterapiteneste etter fagleg vurdering.

Hjelpa blir tilpassa den enkelte pasient ut frå faglege vurderingar. Tenesteinnhaldet skal utarbeidast i samarbeid med den enkelte pasient/pårørande.

Kvalitetsstandardar

Dokumentet Kvalitetsstandardar for tildeling av tenester i pleie og omsorg er ei presisering av korleis Lom kommune ynskjer å tilby sine tenester til innbyggjarane. 

Målgruppe for tenesta

Målgruppa for korttidsopphald er personar som har behov for rehabilitering og utgreiing m.m.

Slik får du tenesta

Skriftleg søknad (søknadsskjema finn du under lenker til høgre nederst på sida)til Lom og Skjåk tildelingskontor, Moavegen 30, 2690 Skjåk

Søknadsfrist

Søknaden blir individuelt behandla av tildelingskontoret. Tildeling skjer på tverrfagleg inntaksmøte kvar tysdag. Du får skriftleg melding om vedtak.

Pris

Korttidsopphald: Kr 155,- pr. døgn. 

Etter til saman 60 døgn betalar pasienten som ved langtidsopphald.

Kontakt

Lom og Skjåk tildelingskontor

Lovgrunnlag

Dette er ei lovpålagt teneste. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1, jfr § 3-2. 

Korttidsopphald er eit tilbod om heildøgns pleie, omsorg og behandling i sjukeheim. 

  • Forvaltningsloven
  • Helsepersonelloven
  • Kommunehelsetenesteloven
  • Lov om pasientrettar
  • Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie
  • Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.

Rett til å klage

Vedtak om tildeling og bortfall av plass vert gjort i inntaksnemnda. Desse vedtaka kan det klagast på Fylkeslegen. Klageinstans når det gjeld betaling, er Fylkesmannen. Klagefrist er 4 veker til Fylkeslegen og 3 veker til Fylkesmannen.

Klage skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor, Moavegen 30, 2690 Skjåk.

Tildelingskontoret kan gje rettleiing og råd, j.fr § 27.3 og § 28 i Forvaltningslova og Paseint- og brukerrettighetsloven kap. 7, §§ 7-2, 7-3, 74 og 7-5.

Kontakt

Elin Jeanette Ulen
Prosjektleiar framtidig bu- og tenestetilbod
Telefon 61 21 72 25

Elin er prosjektleiar for framtidig bu- og tenestetilbod frå 01.04.-31.12.2023.