Tenester

Utlån

Alle kan fritt låne bøker og andre medium som biblioteket stiller til disposisjon. Vi kan også bestille bøker, artiklar og andre medium frå andre bibliotek.

Studentar

Studentar, kursdeltakarar og vaksne som er i ein opplæringssituasjon kan nytte seg av tilboda i biblioteket. Vi kan skaffe bøker, artiklar og evt. andre medium. Pensumlitteratur der heile eller store delar av boka er pensum, må studentar i utgangspunktet skaffe sjølve. Vi tilbyr enkel opplæring i søk i eiga samling og i eksterne kjelder som t.d. Oria. Vi har eit studierom med 2 PCar som kan nyttast også utanom opningstida til biblioteket (vi låner ut nøkkel mot depositum). Skrivar for publikumsmaskinene er tilgjengeleg kun i opningstida.

All litteratur vi låner inn er gratis for lånaren. Depositum kr 200,- for utlån av nøkkel til bruk av studierommet. Eksamensavvikling og utlån/utleige av videokonferanseutstyr skjer etter avtale med vidaregåande skule.

Boka kjem

Vi tilbyr å sende bokpakker eller lydbokpakker til personar som har problem med å koma seg til biblioteket på eiga hand. Vi samarbeider med Friviljugsentralen om tenesta, og dei leverer pakkene heime hjå dei som ynskjer å nytte seg av tilbodet.

Kontakt

Lom Folkebibliotek
Mobil 477 11 809