Vikingutstilling på biblioteket

Live Marie Eriksen er student på Bibliotekar og informasjonsvitenskap ved Høgskolen i Oslo og Akershus. I fem veker framover er ho praktikant på Lom folkebibliotek der ho har trakka sine barnesko. Nå har ho laga ei fantastisk vikingutstilling der ho har laga klede og alt utstyr sjølv. Utstillinga blir ståande på biblioteket til over vinterferien. Kom og sjå!

Live Marie har laga vikingutstyrI fjor gjekk Live på vikinglina på Seljord folkehøgskule. Der lærte ho blant anna å sy vikingklede i ull og lin, støype vikingsmykke og andre gjenstandar i bronse, sy lærvesker og spikke hårnåler i bjørk. Ho og dei andre elevane reiste på viking til Danmark og Tyskland, der dei besøkte vikingbyar og åt mat laga på vikingvis. 

Nå blir dei fine handverksarbeida hennar å finne på biblioteket saman med utstilling av bøker frå eller om vikingtida. Live sit ofte i skranken i praksisperioden, og vi oppfordrar lomverar og andre til å ta turen innom biblioteket, sjå på utstillinga og slå av ein vikingprat eller ein bokprat med den dyktige praktikanten.

De kan også lesa meir på bibliotekbloggen.