Informasjonsmøte 14. mars om fiberutbygginga i Bøverdalen

Telenor skal totalt bygge ut fiber til rundt 1000 husstandar og bedrifter i Nord-Gudbrandsdalen, inklusiv Bøverdalen. 
Det blir eit informasjonsmøte om dette den 14. mars kl. 19.30 på Bøverdalen Vandrerhjem. 
 

På informasjonsmøte vil du få høyre om: 
- Bestilling og informasjon om Telenor sine tenester
- Utbyggingsprosessen
- Installasjon og trådlaus nettløysing heime
- Telenor sine produkt og tenester

Dersom du ynskjer det kan du òg få hjelp til å bestille dine nye fibertenester på møtet. Alle som blir dekt av utbygginga vil få møteinvitasjon i posten. 

På info.canaldigital.no/nord-gudbrandsdalen kan du finne informasjon om dei ulike tenestene du får tilgang til med ei fiberoppkobling med Telenor Norge AS / Canal Digital Kabel. 
Du kan også følgje med på aktuell informasjon rundt utbyggingsprosessen i ditt område. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977