NY MØTEDATO: Fiberutbygging i Bøverdalen

Telenor skal bygge ut fiber i Bøverdalen, og no nærmar det seg endeleg.
Det blir snart eit informasjonsmøte, men det blir ikkje den 15. februar som tidlegare annonsert (på grunn av sjukdom). Ny dato kjem så snart det blir bestemt.  

På informasjonsmøte vil du få høyre om: 
- Bestilling og informasjon om Telenor sine tenester
- Utbyggingsprosessen
- Installasjon og trådlaus nettløysing heime
- Telenor sine produkt og tenester

Dersom du ynskjer det kan du òg få hjelp til å bestille dine nye fibertenester på møtet. 

På info.canaldigital.no/nord-gudbrandsdalen kan du finne informasjon om dei ulike tenestene du får tilgang til med ei fiberoppkobling med Telenor Norge AS / Canal Digital Kabel. 
Du kan også følgje med på aktuell informasjon rundt utbyggingsprosessen i ditt område. 

Telenor skal totalt bygge ut fiber til rundt 1000 husstandar og bedrifter i Nord-Gudbrandsdalen. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977