Ledige næringslokale i Lom

Er du på jakt etter ledige næringslokale i Lom? Da kan denne oversikten vera til hjelp.

Ta gjerne kontakt med kommunen eller utleigar dersom du har spørsmål.

Kommunen tek ingen ansvar for eventuelle feil eller manglar i lista.

Forretningslokale i sentrum - til leigeLedig lokale til leige i Lom sentrum - Klikk for stort bilde

Coop Ottadalen har ledige forretningslokale i sentrum av Lom på 220 m2, i tillegg kjem tilgang til felles lager, møterom og sosiale rom. Lokala har vore brukt som butikk, men kan tilpassast andre føremål. Ledig frå 1. januar. Andre aktørar i bygget er Coop Extra Lom, Vinmonopolet, Apotek 1, Bergom klær-sko-sport m.m. Ta kontakt med Rune Fossmo, 992 11 639 / rune.fossmo@Coop.no for meir info.

Forretningslokale i sentrum - til leige (med video)
Ledige næringslokale i Lom sentrum - Klikk for stort bilde

Det tidlegare lokalet til Ottadalen Installasjon er no til leige.
Dette ligg plassert ved sidan av Byggern i Lom sentrum, nært Fv55 Sognefjellsvegen. Dette er moderne lokale på ca. 270 m2
med gode parkeringsmoglegheiter.

Ledig umiddelbart.
Sjå video her:

Kontaktperson:
Nils, tlf. 951 49 864, e-post: nf@ottadalen.norgesfor.no


Flækøybygget: kontor og butikklokale til leige

Flækøybygget - Klikk for stort bilde

Flækøybygget ligg midt i Lom sentrum og tett inntil m.a. Bakeriet i Lom, Smak i Lom, Amore, BrimiBue og Fjell og Fritid.
Her er det både kontor og butikklokale til leige.

Alle lokala har tilgang til toalett. Felleskostnadar kjem i tillegg.

Kontaktperson: Ove Flækøy,
e-post: ovefpost@gmail.com, tlf 46929462

Tidlegare Lom Møbelindustri - lagerplass, kontor, salgsareal og produksjonslokale m.m. til leige

Lom møbelindustru - Klikk for stort bilde

Ved tidligare Lom Møbelindustri er det lokale til leige:

• Salgslokale/ kontor (det tidligare utstillingslokalet)
• Kontor 2. etg.
• Oppvarma lagerlokale/ produksjonslokale med god takhøgde. Storleik etter ynskje.
• Uteareal, evt. inngjerda.

Lokala er ligg lett tilgjengeleg og har gode parkeringsmoglegheiter.

Kontaktperson: Ola Steinbakke, mob. 90870255, e-post: olastein@fjellnett.no

Lom Næringsbygg AS - til leige (med video)

Lom næringsbygg - Klikk for stort bilde

Ledige areal i Lom Næringsbygg.
1.      etasje 133 m²
2.      etasje 102 m²

Fellesareal kjem i tillegg. Leiepris etter avtale.

Sjå video her: 

Kontaktperson:  Jan Christensen for Lom Næringsbygg AS,   Liavegen 40, 2686 Lom,   Tlf. 908 60 858 epost: stostein@online.no

Murgarden - til leige 

Murgarden - Klikk for stort bilde Murgarden ligg veldig sentralt i Lom, tett ved busstasjonen. Her er det kontor i dag. Sentral plassering i sentrum  

•          Inkl i felleskostnad er: strøm, renhold, renovasjon, kaffe, te, etc.
•          Arbeidsmiljø:  Niventus, Cellvision, Norconsult, DaLom, Visit Jotunheimen AS.
•          Leietakerne har tilgang på felles møterom.
Ta kontakt med Råmund Mundhjeld (tlf. 915 49 879) eller Magnar Mundhjeld (tlf. 901 09 159). 

Bilde av BrimiBue - Klikk for stort bilde

 

 

.


 

Butikklokale i sentrum - til leige

Fjoset med pil - Klikk for stort bilde

Sentrumsnære lokal som tidlegare vart brukt av Hårloftet står no ledige. Lokala ligg sentralt i sentrum med Fjoset, Fossberg, Coop-bygget, kommunen og Sparebank1 Lom og Skjåk som nære naboar. Lokale har ein storleik på ca. 84 m2 (63 + 21) delt i to med vaskerom og WC, varmepumpe og AC. 
Moglegheit for meir lager ved behov. 

Kontaktpersonfjoset@fjellnett.no 


 


Ledige lokale i Koldenbygget - til sal eller leige

Bilde frå Koldenbygget - Klikk for stort bilde
Sinclair Eiendom AS eig Koldenbygget i Lom.
Ta kontakt for pris og meir informasjon dersom du er interessert i eit lokale her.

Kontaktperson: Sinclair Eiendom, Kolbottvegen 2 A, 2682 Lalm.

 


Har DU ledige lokale i Lom til salg / leige, eller er du på utkikk?
 

Da vil vi gjerne høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med næringssjefen dersom du: 
1. Har ledig næringslokale eller næringstomt til leige / sal 
2. Ynskjer hjelp til å finne riktig lokale for deg og din bedrift (

Kontaktinformasjon finn du på høgre sida (lenger opp) eller ved å trykke her. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977