Lom musikk- og kulturskule

Hovudoppgåva for musikk- og kulturskulen er å fremja eit rikare kulturliv i kommunen ved å kunne gje tilbod i opplæring innanfor aktivitetar som avspeglar interessene til elevane. Skulen vil prøve å forløyse kreativiteten til kvar einskild elev, samstundes som ein vil leggje vekt på å fremje forståing og oppleving av - og interesse for ulike kulturaktivitetar. Målet er elles å skape eit positivt ungdomsmiljø gjennom verdfulle fritidsaktivitetar.

Tilbodet

Lom musikk- og kulturskule gjev tilbod på: fele, torader og femrader (trekkspel), bassgitar, gitar, slagverk, piano, keyboard, blokkfløyte og song, Vi har også tilbod om dans i samarbeid med Skjåk kulturskule. Danseopplæringa held til i Bismo.   Vi har hatt tilbod i formgjevingsfag, men i år har vi inga formgjevingsgruppe.  Vi arbeider med å få tilbod om opplæring på massinginstrument (korpsinstrument) som ein del av tilbodet vårt, men i dag er det organisert gjennom Lom skulekorps.

Skulen har i dag ca. 140 elevar på i hovudsak individuell opplæring. Undervisninga er lagt til lokala våre i kjellaren på  Lom ungdomsskule. Danseopplæringa er i Bismo.

Musikk- og kulturskulen har i dag 5 tilsette (delstillingar) i tillegg til rektor.

Organiseringa av skulen er under vurdering. Dei to aktuelle alternativa som blir vurderte er å halde fram som eigen kulturskule eller slå kulturskulane i Lom og Skjåk saman til ein kulturskule.

Ein kan søkje plass gjennom året om det er ledig kapasitet. Hovudopptaket er på vårparten.

Søknadsskjema

Målgruppa

Barn og unge frå 3. klasse til og med vidaregåande skule. Dans og drama tilbodet er frå 1. klasse og oppover.

 

Prisliste musikk- og kulturskule
Tilbod Pris Merknad
Eineundervisning 2600 kr. pr. år Syskenmoderasjon, første barn 40%, andre barn 50%
Gruppeundervisning i drama, dans og formgjeving 1400 kr. pr. år Det er ikkje syskenmoderasjon for gruppeundervisning
Instrumentleige 600 kr. pr. år

Kontakt

Kristbjørn Rossehaug
Rektor Lom musikk- og kulturskule, inspektør Loar skule
Mobil 404 48 548