Reguleringsplan for Tesseosen Vest

Lom kommunestyre godkjente i møte 30.08.2007 Reguleringsplan for Tesseosen Vest etter at planen var revidert. Heile planområdet er på omlag 151 dekar. Planinnhald og prosess går fram av plankartetplanføresegnene og sakspapira.

I planen er avsett område for etablering av aktivitetsanlegg for klatring i tre(14 dekar), areal for bygging av servicebygg med servering (5 dekar) og areal for bygging av skogskoier for overnatting (5 dekar). Resten av planområdet er regulert til landbruk. Omlag 70 dekar av landbruksområdet er utlagt i kombinasjon med spesialområdefor sikring av freda kulturminne. Det er funne og kartfesta 2 dyregraver og 2 jernvinneanlegg innan planområdet.

Det er i planen sett ei øvre ramme for storleiken på eit servicebygg til 400 m2. Dei 6 skogskoiene samt felles uthus kan ha eit samla arealpå inntil 240 m2 (kvar koie på omlag 35 m2).

Vedtaket av reguleringsendringa inneber at grensene for området som er regulert for klatreaktivitet i planen, er godkjent i samsvar med endringsforslag frå Brimiskogen AS.

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932