Førjulsmarknad i Presthaugen

Førjulsmarknad i Presthaugen

Julekonsertar og ymse andre hendingar i fleng

Tett og triveleg adventstid

Andventstida er her. Ikkje før hadde juletreet på Fossbergom og i Lomseggje blitt tende var julekonsertane i full gong. Fyrst ut var Aslak O. Brimi med vener. Neste ut er Lomsklangen med vener, før Gjeling-Ljomen tek over. Verkstader, marknader og handel har alt vore i gong ei stund. Og avslutningane går føre seg som reine stafetten framover. Også i grannebygdene er det mangt å gle seg over. Vi er inne i ei triveleg og travel tid. Fylg med på kulturkalenderen. God advent!

Kva skjer framover?

  • Måndag 3. des.: Bygdekino, Norsk Fjellmuseum. Reisen til julestjernen, kl. 18.00. Ingen aldersgrense. Bygdekino, Norsk Fjellmuseum. The Twilight Saga, Breaking Dawn part 2, kl. 20. Aldersgrense 11.
  • Tysdag 4. des.: Lom knipsarlag med "ope dag" på Fjellmuseet. Kl. 19.00
  • Onsdag 5. des: Førjulskonsert med Lomsklangen i Lomskyrkja, kl. 19.00
  • Fredag 7. des.: Førjulsdag på Biblioteket med aktivitetar, servering og sal av varer frå Lom arbeidssenter. Kl. 10.00- 14.00. Fredagstreffen, Friviljugsentralen. Kl. 10.30
  • Laurdag 8 des.: Førjulsmarknad i Presthaugen med sal og aktivitetar. Kl. 11.00 til 13.00. Lokalt handverk, gode julevarer, graut, musikk og eit triveleg miljø.
  • Syndag 9.des.: Ljosmesse i Garmo kyrkje kl. 19.30
  • Onsdag 12. des.: Avslutning av småbarnstreffen, Frivilijugsentralen kl. 11.00.
  • Torsdag 13. des.: Julekonsert med Reidar Svare og Gjeling-Ljomen, kl. 20.00
  • Fredag 14. des.: Avsluning til jul på Friviljugsentralen med grautservering og adventstund i Lomskyrkjja. Kl. 10.30
  • Syndag 16. des.: Ljosmesse i Bøverdalen kyrkje. Kl. 19.30
  • Onsdag 19.des.: Nissespiontur i Tronoberget. Ta med lykt, gode klede og kanskje litt mat. Frammøte ved Rema 1000 kl. 17.00. Arr. DNT Gudbrandsdalen
  • Fredag 21. des.: Øgly Kid Moe på Nordalsfjoset pub. Frå kl. 21.00
  • Måndag 24. des.: Huslydmesse i Lom stavkyrkje. Kl. 15.00.
  • Tysdag 25. des.: Huslydmesse i Bøverdalen kyrkje kl. 11.00
  • Onsdag 26. des.: Høgtidmesse med nattverd i Garmo kyrkje. Kl. 11.00
  • Torsdag 27. des.: Nattverdmesse på Lom helseheim. Kl. 11.00 og romjul på Fossheim, Celters frå kl. 21.00
  • Fredag 28. des.: Lomsk på Nordalsfjoset. Frå kl. 21. 00
  • Syndag 30. des.: Øgly Kid Moe på Nordalsfjoset pub. Frå kl. 21.00
  • Måndag 31. des.: Nyttårsmesse på nattverd i Lom stavkyrkje. Kl. 23.00

Med atterhald om manglar og endringer. Sjå elles kulturkalenderen på www.lom.no.

 

Tips ein ven Skriv ut