Utdanningsdirektøren i Lom

Utdanningsdirektøren i Lom

Til Lom for å lære om skule og barnehage

Utdanningsdirektør Trond Johnsen hos fylkesmannen i Oppland ser på som ei av sine viktigaste oppgåver å bidra til kvalitetsutvikling i skular og barnehagar. Denne veka tok han turen til Lom for å lære av måten vi arbeider på.

Dei som deltok under besøket er frå venste Ragnhild Vestad, Anita Nestvold, Inger Kolstad, Mariann Øygard, Herdis K Repp, Lovise Hansen, Trond Johnsen, Inger Granli og Ola Helstad. Tore Mundal deltok også, men er ikkje med på bildet.

Gode resultat i Lom

Bakgrunnen for det celebre besøket var at Lom  jamt over har gode resultat i skule og barnehage. Spesielt har kommunen utmerka seg ved at Lom ungdomsskule er den ungdomsskulen i fylket med minst fråfall i vidaregåande skule. Utdanningsdirektøren og folket hans ynskte derfor å høyre om det er noko Lom gjer som andre kommunar kan lære av.

Stort program

Bestillinga frå fylkesmannen var lang. Dei hadde derfor sett av det meste av dagen. I løpet av desse timane fekk dei fyrst informasjon om kommunen sine overordna strategiar. Deretter orienterte skule- og barnehageadministrasjonen om skule- og barnehageeigarrolla, bruk av resultat, samarbeid mellom nivåa, spesialundervisning, bruk av ulike verktøy i kalitetsutvikling, interkommunalt samarbeid og mykje meir.

Delegasjonen på fire gav uttrykk for at læringsøkta var verdt turen, og at ein del kommunar har noko å lære av Lom.

Tips ein ven Skriv ut