Kronprinsfamilien samla ved Juvasshytta

Kronprinsfamilien samla ved Juvasshytta

Til topps med kronprinsfamilien

I dag tidleg møtte heile kronprinsfamilien opp på Juvasshytta for å vera med i arrangementet "Til topps" der nordmenn og innvandrarar saman går til Galdhøpiggen. Dei vart ynskte velkomne av mellom andre ordførar i Lom, Simen Bjørgen.
- Eg er glad for at kronprinsfamilien er med på dette, seier Bjørgen. Også i 2009 var kronprinsen med oss til toppen av Noreg. Og vi er så stolte over å ha dette fantastiske arrangement i kommunen vår. Føremålet stemmer så godt med dei arbeidsmåla vi sjølve har i Lom kommune.
Farhiyo Yusuf, seksbarnsmor frå Somalia, til topps for andre gang
Farhiyo Yusuf, seksbarnsmor frå Somalia, til topps for andre gang (Foto Olav A. Saltbones / Røde kors)

Sprek seksbarnsmor frå Somalia

Det er mange som har fått meirsmak etter å ha vore med tidligare, som Farhiyo Yusuf, seksbarnsmor frå Somalia . Ho har trent mykje og bytta til fjellsko og kortare kjole for lettare å klare turen denne gongen. - Førre gongen gjekk eg frå Spiterstulen og det var mye hardare. Men det var flott og eg ville attende. Og nå er eg her igjen. Det har vore greitt å gå opp denne gongen og eg er kjempefornøgd, fortalte ei smilande Farhiyo som denne gongen gjekk turen frå Juvasshytta på fredag.

Årets sprekaste integreringsarrangement

Til Topps er årets sprekaste integreringsarrangement, der det friviljuge og fleirkulturelle Noreg går saman. Det er turar frå Spiterstulen, Juvasshytta, kulturvandring i Lom og kulturfest på fredagskvelden, i eit samarbeid mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), Røde Kors, KS (kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon) og Den norske Turistforening (DNT).
Tips ein ven Skriv ut