Arkivfoto:  administrasjonssjef Ola Helstad og leiar støttefunksjonen Egil Haug

Arkivfoto: administrasjonssjef Ola Helstad og leiar støttefunksjonen Egil Haug

Tilfredsstillande rekneskapsresultat for Lom kommune

God budsjettdisiplin og gjennomførte innsparingstiltak, lågare pensjonsutgifter enn forutsett og utsette låneopptak er viktige årsaker til  tilfredstillande rekneskapsresultat for 2016. Mindreforbruk/meirinntekt vart på 6 mill. kr. 

Blant dei viktige bidraga til resultatet er:

  • Avdrag på lån: 1,9  mill. kr
  • Brukarbetalingar/eigendelar: 1,2 mill kr
  • Lågare pensjonsutgifter: 1,0 mill kr

 

Netto driftsresultat vart tilfredsstillande og avsetning til fond er styrka for 2016. Det er likevel ikkje i tråd med handlingsregelen for økonomi som kommunestyret  har fastsett for fond og lånegjeld. Resultatet inneber at kommunen er i gang med å rusta seg for framtidige investeringar som ligg inne i den fireårige økonomiplanen. Mesteparten av innsparingane i 2016 er knytt til område som ikkje kan reknast med å ha ei varig effekt. Året 2017 ligg framleis an til å bli like stramt som føresetnadane lagt i budsjettet. Like fullt er det gledeleg å gå inn i 2017 med eit positivt resultat bak oss. 

Tenesteleiarane og dei ansvarlege for interkommunale samarbeid skal ha ros for ansvarleg økonomistyring gjennom 2016.

Den endelege behandlinga av årsrekneskapen skjer i kommunestyret i mai. 

Vi tek atterhald i og med at årsrekneskapen ikkje er revidert. 

 

Lom 1. mars 2017

Ola Helstad                                        Egil Haug

Administrasjonssjef                      Leiar støttefunksjonen

Tips ein ven Skriv ut