Framside»Om kommunereforma»Tilskot frå staten

Tilskot frå staten i samband med kommunesamanslåing

Eingongsstøtte 20.000.000 kr

Med ein omfattande kommunereform vil departementet gjera dekninga av eingongskostnader ved ei samanslåing meir forutsigbar for kommunane, og unngå mange og tidkrevjande søknadsprosesser. Departementet legg opp til at alle kommunar som slår seg saman i reformperioden får dekka eingangskostnader ved samanslåinga etter ein standardisert modell.

Tala er henta frå kommuneproposisjonen 2015.

Reformstøtte 5.000.000 kr

Kommunar som vedtek om samanslåing i reformperioden vil kunne få reformstøtte frå staten. Utbetalinga blir gitt utan ytterligare søknad frå kommunane, og vert utbetalt på tidspunktet for samanslåinga. Reformstøtta vil bli tildelt etter ein standardisert modell.

Inndelingstilskot

Inndelingstilskotet sikrar at kommunar som slår seg saman til ein ny kommune i reformperioden behelder tilskot som om den fortsatt er to (eller fleire) kommunar i 15 år etter samanslåinga. Etter 15 år vert inndelingstilskotet trappa ned over 5 år.

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut