Drenering av jordbruksjord

Drenering av jordbruksjord

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Lom kommune har fått tildelt 115.318 kr i tilskot til drenering for året 2017.

 

Tilskot til drenering blir gjeve til tidlegare grøfta jord med ein sats på 15 kr pr meter til både opne og lukka grøfter. Minste utbetaling er 3.000 kr pr søknad, og det inneber at grøfteplana må vera på minimum 200 m. Det er krav om utarbeiding av plan med kartfesting av grøftene. Søkandene blir sendt inn etter kvart som dei kjem inn, med siste frist den 1.12.2017 for dette året.

 

Ta kontakt med landbrukskontoret for nærare opplysningar og utarbeiding av plan og søknad for dreneringa.

Tips ein ven Skriv ut