IMG_0697

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket 2015(SMIL)

Kommunane får årleg tildelt tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket, ofte kalla «SMIL-midlar», frå Fylkesmannen i Oppland. Midlane kan t.d. brukast for å restaurere verneverdige bygningar, kulturminne eller kulturmark. 

Innskjerpa vilkår

Landbruks- og matdepartementet har i år fastsatt ny SMIL- forskrift. Den største endringa er ei innskjerping som medfører at berre dei som oppfyller vilkår i forskrift om produksjonstilskot i jordbruket kan søkje om SMIL-tilskot.

Innan søknadsfristen 15. mai 2015 er det kome 18 SMIL-søknader med samla kostnader på ca. 3,2 mill. kr til Lom kommune. Det er søkt om over 1 mill. kr i SMIL tilskot. Lom kommune har fått tildelt 515.000 kr i SMIL-midlar (inkludert 50.000 kr i ekstramidlar på slutten av året) frå Fylkesmannen i Oppland for tiltak i 2015. Nokre SMIL-tilskot vart ikkje brukt fullt ut og har vorte løyvd på nytt.

 

Totalt vart det løyvd 533.000 kr til desse tiltaka

  • Rydding av biologisk verdifullt beitemark (6.750 kr til 2 søkjarar)
  • Planlegging og tilrettelegging av fellestiltak (30.000 kr til 1 søkjar)
  • Andre forurensingstiltak (33.650 kr til 2 søkjarar)
  • Restaurering av kulturminne (57.200 kr til 2 søkjarar)
  • Rydding av gamal beitemark (145.000 kr til 6 søkjarar)
  • Restaurering av verneverdige bygningar (260.400 kr til 5 søkjarar)

Kommunen sin bruk av SMIL-midlar

Fylkesmannen i Oppland har vurdert Lom kommune sine økonomiske nøkkeltal (sjå tidigare artikkel). Når det gjeld SMIL-midlar skriv Fylkesmannen: «Kommunen er blant dei som bruker mest tilskott til spesielle miljøtiltak (SMIL-ordninga) i høve til talet på søkjarar på produksjonstilskott. Når det gjeld delen av tilskotta som går til gamal kulturmark og biologisk mangfald, er den likevel veldig låg sett i høve til dei store areala med innmarksbeite og landbruksareal med stort biologisk mangfald i kommunen.»

 

I fylgje SMIL-forskrift kan fristen for gjennonføring av prosjekt ikkje overstige 5 år. Ved tildeling av SMIL-midlar legg Fylkesmannen stor vekt på oppfølging av arbeidsfristar. Lom kommune sett vanligvis arbeidsfrist på 1-2 år. Dersom tiltaket er påbegynt innan arbeidsfristen kan denne utvidast, dersom dette ikkje er tilfelle kan midlane trekkast inn att og løyvast på nytt.

 

Dei som kan søkje om SMIL-tiltak kan gjera dette gjennom heile året. Kommunen får tildelt sine årlege midlar i mars/april og eventuelt ekstramidlar i oktober. I Lom kommune vert dei fleste søknader handsama etter søknadsfrist 15. mai, dvs dei fleste får endeleg svar på søknaden i juni eller juli. Tilskotsprosent i forhold til kostnadsoverslaget varierer og er særleg avhengig av type tiltak og den totale søknadsmengda i forhold til disponibel rame. Skjøtsel av biologisk verdifull areal er eit tiltak som kan støttast med 100% tilskot, andre tiltak med inntil 70% men i realiteten ligg tilskotssatsen ofte på rundt 40%. Restaurering av bygningar er spesielt kostnadskrevjande. I år var det grunnlag for å støtte slike prosjekt med rundt 20% av kostnadsoverslag.

IMG_0697
I Lom ser vi mange eksemplar på vellykka restaurering av byngingar.
IMG_1803
Beiterydding er viktig for å nytte beiteressursen men også for å få fram kulturminne og eit meir ope kulturlandskap.
Tips ein ven Skriv ut