Framside»Tenester til deg»Næringsliv»Landbruk»Tilskot

Bygdeutvikling (BU-midlar)

05. februar 2015

Innovasjon Norge har ansvaret for tildeling av BU-midlar i Oppland.
Ta kontakt med landbrukskontoret dersom du er interessert i å søkje om tilskot.  
 

Bruk av elektroniske søknadar om produksjonstilskot

05. november 2012
Statens landbruksforvaltning (SLF) ynskjer at fleire skal nytte seg av elektronisk søknad i samband med produksjonstilskot og tilskot til ferie og avløysing. SLF har i den forbinding laga to rettleiingsfilmar, kor den eine viser kvifor ein bør søkje elektronisk og den andre korleis ein gjer dette i praksis.

Søk om midlar til spesielle miljøtiltak!

06. juli 2011
Har du t.d. eit gamalt seterhus eller ein gamal steinmur som du ynskjer å restaurere? Eller ynskjer du å rydde gamal beitemark eller t.d. ein tursti?

Kommunale tilskot til landbruket

26. mai 2011

Kommunestyret vedtok 22.03.07 nye reglar for kommunale tilskott til landbruket i Lom. Tiltak som kan støttast: jordbrukstiltak: Driftsbygningar i landbruket, nydyrking, beiterydding, nyanlegg/ombygging vegar, vassvegar/damanlegg/vatningsanlegg, etableringstilskot ved generasjonsskifte. Skogbrukstiltak: nyanlegg/ombygging vegar, planting og ungskogpleie, 1. gongstynning, Førehandsrydding i hkl. 3., drift i bratt terreng. Andre tiltak og prosjekt i landbruket der lokale fortrinn kan skape lønnsam næringsaktivitet. Kommunale og andre samarbeidsprosjekt som kjem landbruksnæringa til gode kan støttast.

Tilskot til miljøtiltak i jord- og skogbruk

25. april 2006

Kommunane fordeler tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings og miljøtiltak i skogbruket. Det kan søkjast tilskot til tiltak i kulturlandskapet, reparasjon/restaurering av freda- og verneverdige bygningar, investeringar i beitefelt, tiltak innafor biologisk mangfald m.m. og skogbrukstiltak. Søknadsfristen er 15. mai og 15. oktober. Landbrukskontoret kan gje meir informasjon.

Produksjonstilskott

02. januar 2004
Alle foretak som driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i einingsregistret og avgiftsmanntalet som disponerer dyr og(eller) areal kan søkje om produksjonstilskott. Produksjonstilskott i jordbruket omfattar ordningane : tilskott tilhusdyr,areal og kulturlandskapstillskott, driftvansketilskott for brattlendte bruk, tilskott til seterdrift med mjølkeproduksjon,tilskott til dyrking av for i fjellet, tilskott til dyr på utmarksbeite, arealtilskott til økologisk landbruk, tilskott tiløkologisk husdyrproduksjon, tilskott til bevaringsverdige storferaser og driftstilskott i mjølkeproduksjonen. Spesifiserer at kravet om å eige eller forpakte jordbrukseigedom nå er borte og alt går på foretak. Det er krav om godkjend gjødselplan over arealet som foretaka disponerer.

Endra jordarbeiding

12. august 2003

Det blir gjeve tilskot til korn- og grønfórareal som ikkje blir jordarbeidd om hausten. Dersom det blir sådd fangvekst på arealet blir det gjeve eit tillegg. Det blir og gjeve tilskot til grasdekte vassvegar i open åker og i ompløgd grasmark. Tilskotet varierer med erosjonsfaren og søknadsomfanget. Føremålet er å redusere erosjon og arealavrenning frå jordbruksareal. Ordninga er ein del av søknad om produksjonstilskott.

Rovviltskadar

09. april 2003

Når husdyr er dokumentert drepe av freda rovvilt eller det er sannsynleg at tapet skuldast freda rovvilt, kan det gjevast erstatning. Erstatninga skal dekke tap og følgje kostnadene for husdyreigaren.

Organisert beitebruk

19. mars 2003

Det vert gjeve tilskot til organiserte beitelag. Ordinært tilskot pr. dyr: - kr 5 pr. sau som er komen heim frå utmarksbeite - kr 10 pr. storfé som er komen heim frå utmarksbeite

Praktikantordninga

16. mars 2003
Praktikantordninga skal bidra til å sikre rekruttering i landbruket. Ved organisering og økonomisk støtte skal ordninga bidra til å betre mogelegheitene for praksis i landbruksnæringa. Målgruppa er personar i alderen 16-30 år som ønskjer praksis og utdanning i landbruket.