Tilskott til etablering i eigen bustad og tilskott til tilpassing av eigen bustad

Lom kommune kan tilby tilskott til etablering i eigen bustad og tilskott  til tilpassing av eigen bustad.

Tilskott til etablering

Tilskott til etablering blir gjeve  til einskildpersonar/husstandar med varig låg  inntekt og som har vanskar med å greie å betale fullt lån.

Tilskott til tilpassing

Tilskott til tilpassingskal nyttast for  tilpassing av bustaden for eldre og funksjonshemma,  slik at dei kan bli buande i eigen bustad så lenge som mogleg.

Generelt for båe ordningane

Til båe tilskottsordningane har kommunen svært avgrensa med midlar slik at behovsprøvinga er sterk.

Søknadsskjema får du ved Nav-kontoret.
Søknader sendes Nav-kontoret i Lom, 2686 Lom.

Søknadsfrist 10 . juni 2013.

Tips ein ven Skriv ut