Tilvisningsskilt Lom kommune

Tilvisningsskilt Lom kommune

Skulle du hatt tilvisingsskilt?

TILVISINGSSKILTPROSJEKT

Etter å ha vorte kontakta av fleire innbyggjarar har Lom kommune sett i gang eit prosjekt for å få opp tilvisingsskilt.

Dette er skilt som viser husnumra til stadar der det er fleire bustadar som har same avkøyring frå vegen og der nummerskilt på veggen ikkje er synleg frå vegen. Dette er for å gjera det lettare å finne fram, og for å gjera det tryggare for alle ved at redningsetatane skal finne fram fortare. Dette er ikkje ei oppgåve som er pålagt Lom kommune, men kommunestyret har likevel satt av midlar til dette for å auke sikkerheita i kommunen. Du kan sjå i kartet kvar det er planlagt sett opp skilt: https://goo.gl/8S7TS7 Her synes alle skiltpunkt, og ved å halde musepeikaren over punktet eller ved å klikke på punktet får du opp informasjon om kva skiltet vil vise. Skilta vil ha standarden du ser på biletet nedanfor(Døme på tilvisningsskilt).

Døme på tilvisningsskilt. Kjelde:Kartverkets adresserettleiar
Døme på tilvisningsskilt. Kjelde:Kartverkets adresserettleiar

Skilta vil vise til anten oddetal eller partal, ikkje begge delar.

Om du saknar skiltpunkt og/eller meiner at det burde vore skilt anna stadar enn der det er punkt i dette kartet ber vi om at du tek kontakt med Lom kommune på post@lom.kommune.no innan 10. november.

Da vil vi gjera ei vurdering av om det skal opp skilt eller ikkje.

Forslag som kjem inn etter 10. november kan vi ikkje garantere å få inn i prosjektet.

Tips ein ven Skriv ut