Barnehagebarn i Brubakken_800x600

Trafikksituasjonen rundt Loar skule og barnehage

Det har gjennom fleire år vore peikt på utfordringar vedrørande parkering og trafikkavvikling i og ved Brubakken. Dette går mest på kaos og uoversiktelege situasjonar i samband med levering og henting av barn i barnehage /skule. På desse tidspunkta er det også mange barn som går til og frå skulen etter Brubakken. Utfordringane har vore drøfta i samarbeidsutval ved barnehagen og skulen, personalmøter og leiarmøter ved fleire høve. Ulike tiltak har vore sett i verk , men situasjonen blir ikkje oppfatta som god og trygg.
Liten gut i Brubakken_800x600
Saka var oppe att i Samarbeidsutvalet i barnehagen i haust, og teke vidare til administrasjonssjef og teknisk etat på nyåret. Det vart da sett ned ei gruppe som fekk i oppdrag å sjå på situasjonen , og å drøfte tiltak. I denne gruppa er repr frå teknisk etat ved arealplanleggjar, leiar i SU i barnehagen, og ungdomsskulen, FAU repr skulen, rådgjevar oppvekst, styrar i barnehagen, rektor på skulane og barnerepr. Desse hadde fyrste møte i januar, og nytt møte att nå i april. Det har også vore synfaring i området.
Parkering ved storstabburet_800x600
Gruppa er enige om at tiltak som skal arbeidast med er: • Einvegskjøring opp Brubakken med utkjøring på Solsidevegen. • Leggje til rette for korttidsparkering ved vaktsentralen slik at foreldre som følgjer barn inn på skule/sfo kan parkere der, slik at det berre blir av- og på stigning ved Storstabburet. • Stenging , slik at det ikkje blir råd å kjøre rundt vidaregåande , avd Bygg. Mål er at tiltak skal vere iverksett til oppstart nytt skule/barnehageår i haust.
Tips ein ven Skriv ut