Framside/Tenester til deg/Helse og rehabilitering/TT-ordninga

TT-ordninga

Transporttenesta for forflytningshemma i Oppland

Personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har store vanskar med å nytte offentleg transportmiddel kan få tilgang til tenesta. Kravet er at ein må ha ei varig forflytningshemming, det vil seie minimum to år, samt at ein har behov for spesialtransport. Det skal vera ein direkte samanheng mellom den varige forflytningshemminga og den manglande evna til å nytte seg av det ordinære kollektivtilbodet.

Kriterium som ikkje er grunnlag for godkjenning

  • Mangel på kollektivtilbod på heimstaden er ikkje grunn til å verte godkjent som TT-brukar.
  • Naturleg alderdomssvekking er ikkje åleine grunn for å verte godkjent som TT-brukar.
  • Tidsavgrensa forflytnigshemming, herunder også kronisk forflytningshemming som kan knyttast til kun delar av året, er ikkje grunn til å verte godkjent som TT-brukar.
  • TT-ordninga er ei individuell ordning, og brukarrett kan ikkje tildelast ein institusjon. Bebuarar på institusjon kan godkjennast på individuelt grunnlag viss dei elles fyller vilkåra for godkjenning.
  • Personar som har tilgang til eigen bil fell utanfor ordninga. Dette gjeld og personar som har fått støtte til bil etter Lov om folketrygd.
  • Personar under 10 år kan ikkje godkjennast som TT-brukar.

Dette er eit transporttilbod til personar som ikkje kan nytte seg av ordinære kollektive transportmiddel. Ordninga skal bidra til at personar med forflytningshemming skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg. Unge, samfunnsaktive forflytningshemma skal prioriterast.

TT-ordninga skal berre nyttast til lokale fritidsreiser som kulturarrangement og sosiale aktivitetar, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekt av folketrygda.

Heimlar blir tildelte for to år om gongen. Pr. 01.01.2014 har Lom kommune 34 heimlar.

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut