Tryggleiksalarm

Pleie og omsorg disponerer eit visst antal tryggleiksalarmar. Alarmen skal du alltid bera på deg, og trykkje på ved behov.

Meir informasjon:

Tryggleiksalarmane er direkte kopla til Vaktsentralen i Lom.
Det er den du sjølv set opp som kontaktperson eller heimetenesta, som rykkjer ut ved utløyst alarm.
Du må ha fasttelefon for å få montert tryggleiksalarm.
Du må gje beskjed om ekstra testing av alarmen din dersom du meiner den ikkje fungerer som den skal. Ver merksam etter tordenver etc.
  • Målgruppe for tenesta

    • Tenesta er for personar som på grunn av helsetilstand har behov for øyeblikkeleg hjelp og/eller kjenner seg utrygge ved å bu åleine heime.
  • Slik får du tenesta

    • Søknad på tryggleiksalarm kan rettast munnleg eller skriftleg til Lom kommune, pleie og omsorg, 2686 Lom.
  • Søknadsfrist

    • Søknad om trygleiksalarm kan rettast munnleg eller skriftleg til Lom kommune, pleie og omsorg, 2686 Lom.
  • Pris

    • Kr 75,- per månad (kr 900 per år).
    • For dei som bur i omsorgsbustad, er tryggleiksalarm inkludert i husleiga.
  • Kontakt

    • Pleie og omsorg, telefon 61 21 72 25.
    • Sjukepleiar 1 Torbjørg Graffer Myrhaug, telefon 47 46 02 96.
  • Kontakt e-post

  • Lovgrunnlag

    • Tenesta er ikkje heimla i lov.
    • Vedtak fylgjer forvaltningslova sine reglar for saksbehandling jamfør § 27-36.

Pleie og omsorg

Lom helseheim
2686 Lom
Sentralbord: 61 21 73 00
Telefax: 61 21 72 26

post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83763167990419,
8.556536436080933