Trygt heim for ein 50-lapp

Ordninga er til for ungdom i alderen 15 og 22 år som treng trygg transport heim frå arrangement.

For å kunne bruke ordninga, må arrangør melde inn arrangementet til kristin.haave@regionkontoret.no helst ei veke før arrangementet. Når det er gjort, vil arrangør få beskjed om kva for telefonnummer du skal ringe for å bestille drosje.

Du må sjølv bestille transporten før kl. 18.00 på ettermiddagen og du må betale ein eigendel på kr 50,- viss tre køyrer saman. Er det færre enn tre, aukar eigendelen.

Viss du har bestilt taxi, men finn ut at du ikkje skal bruke han, MÅ du ringe og avbestille. Har du spørsmål om ordninga, kan du kontakte Kristin Haave på telefon 481 97 032.

 

 

Tips ein ven Skriv ut