Framside»Tenester til deg»Næringsliv»Lom nasjonalparklandsby»Turkart over Lom
Live A. Sulheim

Live A. Sulheim

Fottur- og sykkelkart i Lom

I samband med nasjonalparklandsby-satsinga og prosjektet "Liv i Lom" vart det satt i gong eit arbeid med å tilrettelegge og merke fotturar i Lom og Bøverdalen. Resultatet er to flotte brosjyrar med alt frå timesturar i Lom sentrum (Fossbergom) til toppturar som m.a. Lomseggen, Geittopphøe og Læshø. Fotturar i Lom finst i norsk, tysk og engelsk, mens fotturar i Bøverdalen finst på norsk og engelsk. Fotturar i Lom vart sist revidert i 2017.

I 2013 vart det i tillegg laga ei sykkelbrosjyre med forslag til fire sykkelturar i Lom kommune. Dette kartet er tilgjengeleg på norsk og engelsk. Desse turene er ikkje merka.
Derimot er det no merka sykkelveg frå Lom til Otta. Den kan du lese meir om her: http://www.lommekjent.no/turer/946471

I vedlegga under kan du finne PDF-kart for fotturar rundt Lom nasjonalparklandsby (Fossbergom). Du kan anten skrive ut kartet sjølve, eller stikke innom turiskontoret / Norsk fjellsenter for å få eit gratis kart. I tillegg har vi tre informasjonstavlar i sentrum der du kan plukke med deg ei brosjyre. Utanom sesongen kan du ta kontakt med ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977 for å få tak i kart (med atterhald om at det kan vere tomt).

Brosjyre over fotturar i Bøverdalen, sykkelturar eller fiskemoglegheiter rundt nasjonalparklandsbyen kan skrivast ut som PDF. Desse finn du i vedlegga under.

Karta blir produsert av Lom kommune / nasjonalparklandsby, og har vorte utarbeida med støtte frå Miljødirektoratet / Klima- og miljødepartementet.

God tur!

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut