TV-aksjonen 2015

På Lom ungdomsskule er det ti elevar som har valfaget «Innsats for andre». Neste veke skal dei gjere ein innsats for regnskogen. Det er Regnskogfondet som skal forvalte midlane. 

Galleri

DSC_0017
DSC_0017

Ungdomsskulen samarbeider med Friviljugsentralen i Lom, ved Ella Hoel. Ho skal vere med elevane torsdag 15. oktober, for da skal dei vere i sentrum frå kl. 9.50 til kl. 11.00. Dei vil da selje lodd.

Innsamlingsleiar i Lom, Anne Lise Marstein, er positiv til innsatsen frå elevane. 

Fakta om regnskogen:

  • Kvart år forsvinn rundt 46 000 kvadratkilometer regnskog.
  • Det bur 260 millionar menneske i regnskogen.
  • Det er 50 000 treslag i regnskogen.
  • Det er over 300 papegøyeartar i regnskogen.
  • 50 – 80 % av alle dyreartar i verda bur i finst i regnskogen.
  • Regnskogen har eksistert i 60 millionar år
  • Over halvparten av språk i verda finn vi i regnskogen
  • 80 % av kjende insektartar bur i regnskogen
  • Medisin som blir brukt mot kreft, malaria, hjartesjukdomar, bronkitt og tuberkulose, er utvikla av kjemikaliar som er henta frå dyr og planter som bur i regnskogen.
  • Mykje av maten vi et, kjem frå regnskogen.

Håpar alle vil støtte aksjonen til elevane!

Tips ein ven Skriv ut