UKM
Ungdommens kulturmønstring
Ungdommens kulturmønstring (UKM) er for deg mellom 10(13) og 20 år.
Dette er ein plass å opptre med song, musikk, dans, foto, film, litteratur, teater eller du kan stille ut noko du har laga. Kanskje blir du plukka ut til å vera med på fylkesmønstringa?
Dette er ein plass å opptre med song, musikk, dans, foto, film, litteratur, teater eller du kan stille ut noko du har laga. Kanskje blir du plukka ut til å vera med på fylkesmønstringa?
Juniormønstring
UKM er delt mellom ei juniormønstring og ei seniormønstring. Juniormønstringa er for deg mellom 10 og 13 år. På juniormønstringa møtest mange unge frå heile Nord-Gudbrandsdalen med ulike kulturuttrykk. De får fagleg attendemelding på det de syner fram frå ein fagjury. Det er ikkje noka fylkesmønstring for juniorane. Ingen går såleis vidare.Seniormønstring
Seniormønstringa er for deg frå 13 til 20 år.Alle får skriftleg attendemelding på framføringa si frå ein fagjury. Somme blir plukka ut til å representere Nord-Gudbrandsdalen på fylkesmøntsringa for Oppland. Herifrå er det igjen nokre som blir plukka ut til å vera med på landsmønstring i Trondheim i juni.
Påmelding til UKM
Alle kan melde seg på UKM, anten åleine eller saman med andre i ei gruppe. Vil du melde deg på UKM kan du gjera det elektronisk på www.ukm.no. Det løner seg å melde seg på i god tid. Har du ikkje gjort det, må du vera kjapp. Siste frist er 15.januar.Sjå meir på UKM sine nettsider.
Har du spørsmål kan du rette det til Kristbjørn Rossehaug.