UKM
Ungdommens kulturmønstring
Ungdommens kulturmønstring er ein kreativ kulturfest for ungdom. Frå heile norddalen (Lom, Skjåk, Vågå, Sel, Dovre og Lesja) møtest ungdom andre helga i februar for å spela, syngje, dramatisere, stille ut kunst eller på annan måte presentere kunst- og kulturuttrykk. UKM i norddalen har rykte på seg langt utover dalføret for å halde høgt nivå. Det gjeld både arrangementet, samarbeidet og dei unge sine prestasjonar. Ein fagjury gjev konstruktive attendemeldingar åt alle deltakarane.
Somme av deltakarane på mønstringa går vidare til fylkesmønstringa i april. I tri år frå 2012 er også fylkesmønstringa på Otta kulturhus. Eit fåtal av dei som kjem til fylkesmønstringa får reise til Trondheim på UKM-festivalen i juni.
Påmeldingsfristen for UKM er kvart år 15.januar. Påmeldinga er berre på nett.
Hugs å melde deg på i tide på www.ukm.no
Du kan melde deg på frå 1.des.