Undervisningsheimetenester i Ottadalen

Kommunane Skjåk, Lom og Vågå har fått tildelt prosjekt for undervisningsheimeteneste i Oppland.
Frå oppstart av samarbeidet om undervisningsheimetenesta

Oppstartsmøte

Dette vart markert med eit oppstartmøte på Lom helseheim onsdag den 6. mai. Her møtte styret for prosjektet saman med prosjektleiar Åse Kari Kobbersletten, Vågå og prosjektmedarbeidarane Annie Kroon, Vågå (diabetes), Edel Kveen, Lom (etikk), Bente Aasheim, Vågå (kreft), Kari Bustad, Skjåk (demens) og Elisabeth Lunde, Skjåk (rehabilitering). I tillegg skal det og tilsettast ein medarbeidar for brukarmedverknad.

Ny satsing

Etablering av undervisningsheimeteneste er ei ny og omfattande satsing innan helse- og omsorgstenestene, der det blir gjeve tilskot over statsbudsjettet til spesielle utviklingstiltak. Prosjektet har som formål å stimulere til fagutvikling, praksisnær forsking, utvikling av gode læremiljø og auka kunnskap om tenestene sine behov for kompetanseutvikling. Samla sett skal fagleg kompetanse og kvalitetsutvikling i heimetenestene styrkast. Utvikling av ny kunnskap om brukarmedverknad og organisering og bemanning av tenestene blir vektlagt.

Betre tenester

Det interkommunale samarbeidet vil gje god kunnskapsspreiing, stimulere til fagutvikling, bidra til nettverksbygging og samhandling mellom dei aktuelle heimetenestene. Ved at desse kommunane er valde til undervisningsheimeteneste for Oppland er det allereie eit positivt omdøme. Saman vil ein stå sterkare i dei store utfordringane heimetenestene står overfor i dei komande åra. For pasientane vil det ha mykje å si, at dei får gode tenester gjeve av kompetente tilsette og at lange reiser til sjukehus vil reduserast i takt med oppbygging av kompetanse i kommunane og gjennom distriktsmedisinsk senter på Otta. Erfaringane frå prosjektet skal kome andre kommunar til gode.