mms_img1501696806

Ung i Lom

Lom har for fyrste gong gjennomført  Ungdata-undersøkinga. Her svarar ungdomsskuleelevane på korleis dei opplever eigen livssituasjon både  i og utanfor skulen.  Tilsette som arbeider med barn og unge i Lom har nettopp  fått presentert og reflektert over viktige funn i undersøkinga.

Nøkkeltal for Lom og informasjon om Ungdata  finn du her

Lorentzen informerte

Nær 100 tilsette var 4.januar  samla i Utgard for å høyre koordinator i samfunnsmedisin i Nord Gudbrandsdal, Hege Lorentzen, presentere utvalde funn.  Aktuelle tema var  trivsel, sosialt tilhøyr, krenkjande åtferd, vald, økonomi, psykisk helse og alkoholbruk.  I presentasjonen var det lagt inn fleire sekvensar med  refleksjon over kva den enkelte  kunne gjere for å møte utfordringane. 

Tverrfagleg økt

Målet med den tverrfaglege økta var at alle som arbeider med barn og unge i Lom skulle  få ny kunnskap som på sikt kan gjere dei  i enda betre stand til å forstå og hjelpe barn og unge til å få eit betre liv. Ei anna viktig målgruppe for undersøkinga er foreldre.   

Tips ein ven Skriv ut