Kosthald og bruk av tobakk
Av dei 58 elevane frå Lom svarar nemleg berre 9% at dei svært ofte drikk brus med sukker, medan det i Vågå og Dovre er 22%. Vidare er Lom og Lesja dei einaste kommunane der ingen av 10.klassingane svarar at dei røykjer eller snusar dagleg, medan Vågå ligg på topp med 26%. Derimot seier 60% av 10.klassingane i Lom at dei røykjer eller snusar av og til. 77% av 4.klassingane og 56% av 10.klassingane et frukost kvar dag. Her er svaret for Lom 72% (4.+ 10 klasse), berre slått av Sel med 73%. TV og dataspel
24% av 10.klassingane i dei seks norddalskommunane brukar meir enn 5 timar på data og TV kvar dag, medan talet for 4.klasse er 3%. Ikkje overraskande er det dei som brukar mest tid på skjermaktivitetar som er dei minst fysisk aktive. Foreldre og lærarar har stor påverknad
Undersøkinga viser ein klar samanheng mellom oppmuntring frå foreldre og skule og kor ofte barn og unge er fysisk aktive. Heile 60% av skjåkelevane svarar at lærarane snakkar om kor viktig fysisk aktivitet er ein til to gonger i veka. I Lom seier 34% at læraren snakkar om kor viktig fysisk aktivitet er nesten eller kvar dag. Regionalt prosjekt
Undersøkinga er gjennomført av Østlandsforskning på oppdrag frå Regionkontoret og er del av eit større prosjekt der målet er meir fysisk aktivitet og sunnare livsstil. Mellom anna er det sett ned to grupper "Ein meir aktiv skulekvardag - barn " og "Ein meir aktiv skulekvardag - ungdom", som saman med prosjektleiar Stian Høglien vil kome med forslag til tiltak til meir fysisk aktivitet i skulane i norddalen.