Full aktivitet i klatreparken

Full aktivitet i klatreparken

Ungdomsklubben til klatreparken

Ungdomsklubben i Lom er eit populært tilbod, og har samla så mange som 60 ungdomar kvar fredag gjennom førre skuleår. Klubben satsar friskt vidare, leiaren Liv Marianne Larsen Skjelden kan røpa at det er lagt opp til tur til Aktiv i Lom sin klatrepark! 11. september er datoen, og i tillegg til ungdomane frå 7. klasse til 10. klasse, er dei som gjekk ut av ungdomsskulen i vår inviterte.

Oppmøte ved Statoil 16:45. Hugs å ha med 60,- kr!

(foto: Aktiv i Lom)

 

Dei som ynsker meir informasjon kan ta kontakt med Liv Marianne, mobilnummer 915 17 805. Kos dykk i klatreparken! 

Tips ein ven Skriv ut