Framside/Tenester til deg/Kultur og fritid/Ungdomsklubben
Skjermbilde 2016-09-26 kl

Tur til bowlingen!

26. september 2016

Fredag 23. september hadde ungdomsklubben i Lom tur til Bowlingen i Vågå - for ei stemning det vart!

Ungdomsklubben i klatreparken

18. september 2015

Fredag 11. september tok Ungdomsklubben i Lom turen til klatreparken som Aktiv i Lom har rett nedanfor Raudbergstulen - stor suksess!

Full aktivitet i klatreparken

Ungdomsklubben til klatreparken

31. august 2015

Ungdomsklubben i Lom er eit populært tilbod, og har samla så mange som 60 ungdomar kvar fredag gjennom førre skuleår. Klubben satsar friskt vidare, leiaren Liv Marianne Larsen Skjelden kan røpa at det er lagt opp til tur til Aktiv i Lom sin klatrepark! 11. september er datoen, og i tillegg til ungdomane frå 7. klasse til 10. klasse, er dei som gjekk ut av ungdomsskulen i vår inviterte.

Oppmøte ved Statoil 16:45. Hugs å ha med 60,- kr!

(foto: Aktiv i Lom)

 

Dei som ynsker meir informasjon kan ta kontakt med Liv Marianne, mobilnummer 915 17 805. Kos dykk i klatreparken! 

Pilkast på ingdomsklubben.

Ungdomsklubben - Tenesteinnhald

Eit godt fritidstilbod til deg.

14. september 2009

Ungdomsklubben er i regelen open annankvar fredag kl. 18-21 for ungdom frå 7.kl. og oppover når det ikkje er ferie. Dei andre fredagane er det gjerne andre aktivitetar, turar o.l. For å vite når dei ulikeaktivitetane er kan du sjå oppslag på skulane. Klubben blir driven på grunnlag av friviljug dugnadsinnsats frå ei mengd vaksne hjelparar. Kvar fredag er det to vaksne på klubben, men det varierer kven desse er. I tillegg er det også ein ansvarleg ungdom frå ungdomsrådet.