Ungdomsrådet i Röttingen

Utveksling av kunnskap og vennskap

Borgarmeister Martin Unscheid og ordførar Simen Bjørgen med Lom ungdomsråd og ungdommar frå Röttingen i bystyresalen under ungdomsrådet si presentasjon.
Ungdomsrådet i Lom har nyleg vore i venskapslandsbyen Röttingen i Tyskland.
Der fekk dei fortelje byrådet om ungdomsrådet, kva det er og korleis det fungerer. Elles var det utveksling av gode idear, ulik kultur og etablering av grenselaust vennskap.
Röttingen.  Frå landsbyen.
Röttingen. Frå landsbyen.

Landsby

Röttingen er ein vakker landsby. Husa ligg tett med gater og bypreg. Men like utanfor byporten er det vingardar og åkrar med mais, poteter, sukkerroer og korn. By og land hand i hand skulle passe godt her.
Det synte seg at også vertskap og gjester gjekk ypparleg saman i venskapslandsbyen vår.
Marit, Hanne, rita Marlén, Bjørn, Håvard og Ole i ungdomsrådet presenterte kvar sin del om ungdomsrådet som del av lokaldemokratiet i Lom, og om Lom generelt.

Ungdom i lokaldemokratiet

Det er ikkje vanleg med ungdomsråd i Tyskland. Difor var det ekstra interessant for byrådet i Röttingen å høyre på dei unge som fortalde om dette på ein imponerande måte, endatil på engelsk. Kanskje kan det føre til at Röttingen etter kvart kan få sitt eige ungdomsråd?
Dei norske ungdommane fann seg fort til rette med dei tyske ungdommane og familiane deira.

Godt vennskap

Ungdommane våre vart vel mottekne og tekne hand om av jamaldringar og deira familiar i Röttingen. Kvar lomvær budde hjå sin eigen familie. Såleis vart dei ekstra godt kjende og fekk i tilleg god språktrening. Alle fann seg godt til rette og vart gode venner.
Unge sjåførar klare til dyst på gokartbana.

Felles aktivitetar

Det var lagt opp til ulike felles aktitetar for ungdommane, både familievis og i storgruppa. Her var det alt frå førebuing av festopptog og sykling til omvising og gokartkøyring.
Festfyrverkeri med futt i Röttingen.
Festfyrverkeri med futt i Röttingen.

Folkefest med futt

Under opphaldet var det stor folkefest i Röttingen. Eit imponerande opptog med utkledde og dekorerte innslag i alle variantar, eit gigantisk mat- og vintelt og korpsmusikk i alle variantar. Det heile vart avslutta med eit spektakulært festfyrverkeri med futt i.