Ungdomsrådskonferanse for norddalen nov 2012.

Ungdomsrådskonferanse for norddalen nov 2012.

Ungdomsråda i norddalen samla i dag

Ungdomsrådskonferanse

Ungdomsråda i Nord-Gudbrandsdalen har vore samla på Otta heile fredagen for å lære om arbeidet til ungdomsråda og for å hente inspirasjon frå kvarandre. Ein aktiv og engasjert ungdomflokk fekk ein utbyterik dag for framtida.
Bernt Torp var eit fyrverkeri som både skapte humør og engasjement blant dei unge. Petter Kittelsen orienterte om kommunalt planarbeid. Even A. Hagen fortalde om sitt engasjement som ungdomspolitikar, eit engasjement som nok smitta over på dei unge tilhøyrararne.
Ole Aasaaren lanserte nyskapinga "ungdommens regionråd" og ramma elles inn dagen. Alt i alt vart det ein nyttig og inspirerande dag for dei unge folkevalde. Dessverre var det ein del mannefall. Men dei som møtte fekk ein gjevande dag, som i neste omgong kan bera frukter i det lokale folkestyret vårt.
Tips ein ven Skriv ut