Biletet syner turgåarar ved Skimhytta

Biletet syner turgåarar ved Skimhytta

Ut på tur - aldri sur!

Kvar tysdag møter ein gjeng blide damer opp til stavgang i Lom - med og utan stavar. Etter turen er det lunsj på Friviljugsentralen.

biletet syner turgåarar
Tur til Skimhytta

Glade vandrarar

Kvar tysdag kl 11.30 møter dei opp utanfor Friviljugsentralen i Lom for å gå tur i lag. Somme gongar tek dei med seg god niste og kaffetermosen og går på ein litt lengre tur. I vår har dei så langt vore på to lengre turar. Fyrste turen gjekk til Skimhytta. Der fekk dei oppleve mykje vær og vind over brua, men det vart lunt og godt i skogen. Dei har også gått Gamlevegen, med lunsj i Presthaugen etterpå.

Biletet syner lunsj i Presthaugen
Lunsj i Presthaugen

Bordvassvegen

28. mai planlegg dei tur til Bordvassvegen. Det er berre å bli med - møt opp utanfor Friviljugsentralen kl 10.30, og ta med deg nistepakke. Ella på Friviljugsentralen og Anne frå Frisklivssentralen tek med seg kaffe og te.

Det er som sagt stavgang kvar tysdag kl 11.30 (utanom dei dagane det er lengre turar). Det er berre å møte opp utanfor Friviljugsentralen. Karar er også velkomne!

Vil du vite meir kan du kontakte Ella Hoel som er dagleg leiar på Friviljugsentralen, eller Anne Marstein som er leiar for Frisklivssentralen i Lom.

Tips ein ven Skriv ut