Ingrid Valdvik, Magnhild Bjørgen og Barbro Elisabeth Aas vil bli leserettleiarar. Også Ina Kristin  Aas Sandvoll frå ppt deltek på studiet.

Ingrid Valdvik, Magnhild Bjørgen og Barbro Elisabeth Aas vil bli leserettleiarar. Også Ina Kristin Aas Sandvoll frå ppt deltek på studiet.

Utdannar seg til leserettleiarar

I Lom tek tre lærarar utdanning i språk- og leserettleiing ved universitetet i Oslo. Loar, Garmo og ungdomsskulen vil såleis få sin eigen leserettleiar.

 

Ingrid Valdvik frå Garmo skule, Magnhild Bjørgen frå ungdomsskulen og Barbro Elisabeth Aas frå Loar skule vil utdanne seg til  leserettleiarar. Også Ina Kristin Aas Sandvoll frå ppt deltek på studiet.

Regional satsing

Utdanninga er oppfølging av toårig satsing i lese- og læringsstrategiar som alle skular i regionen har vore med på. Såleis står skulane særs gått rusta til å ta ansvar for det mange meiner er det viktigaste fagfeltet i skulen, nemleg lesing. Leserettleiarane skal mellom anna ha ansvar for kartlegging, lesekurs, rettleie kollegaer og generelt vere skulen sin ressursperson på området.

Nettbasert

Studiet er på 30stp og fullt og heilt nettbasert. Såleis slepp studentane reise til Oslo. Dei kan følgje forelesingane live frå eigen pc, eller som vist på bildet, sitje samla på kommunehuset. Under forelesingane kan dei chatte med forelesar. Så det blir nesten som å sitje i ein forelesingssal.
Tips ein ven Skriv ut