Plakat om Hans Lilleødegård utstilling på Lom bygdamuseum

Plakat om Hans Lilleødegård utstilling på Lom bygdamuseum

Laurdag 21. juni kl. 14

Utstillingsopning på Lom Bygdamuseum

Utstillinga " Stor kunstar i lite format" har offisiell opning førstkommande laurdag kl. 14 i stallen på Lom Bygdamuseum. Utstillinga handlar om småbrukaren og treskjeraren Hans Lilleødegård frå Lom. Gjennom bileter, tekst og ikkje minst gjenstandar blir ein kjent med personen og kunstnaren. Det blir lett servering og underhaldning med Knut Kjøk i samband med opninga. Utstillinga er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea og Kjøkfamilien.

Gjennom bilete, tekst og ikkje minst gjenstandar blir ein kjent med personen og kunstnaren Hans Lilleødegård. Utstillinga er ope heile sommaren i museets opningstidar tysdag - sundag kl. 11 .- 16. Inngang kr. 20 for vaksne, barn gratis. For bestilling av omvising kontakt Thea G. Dalen på tlf. 47 45 15 23 eller epost Thea.dalen@gudbrandsdalsmusea.no. Utstillinga er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea og Kjøkfamilien.

Det er også laga eit hefte i samband med utstillinga. Dette blir å få kjøpt på Lom Bygdamuseum.

Tips ein ven Skriv ut