Skjermbilde 2017-04-06 kl

Vårryddeaksjonen 2017

For tredje året på rad oppmodar Lom kommune om å rydda rundt oss. Det var eit initiativ frå Loar skule i 2015 som utløyste aksjonen, og kommunen vil gjera ein tradisjon ut av dette!

Miljøstasjonen har utvida opningstid torsdag 27. april 12:00 - 21:00, og har ein ekstra opningsdag Laurdag 29. april 10:00 - 14:00!

Nedanfor kan de sjå oppmodinga frå Loar skule, som er like aktuell i år: 

SAMAN

er vi sterke. La oss difor gå saman om ein ryddedag! Skulane, barnehagane, friviljuge lag, velforeiningar, private aktørar og offentlege aktørar med kommunen i spissen!

GJER

kvar av oss det vi kan, får vi dette til! 

Vi føreslår dette:

Måndag 27. april og laurdag 29. april gjer alle ein ekstra innsats i sine nærmiljø, ikkje minst i nasjonalparklandsbyen vår.  Arbeidsplassane legg særleg til rette for ei vårrydding.  Private blir oppmoda om det same. Miljøstasjonen utvidar opningstida, og har ein ekstra opningsdag, slik at alle som vil og kan får høve til å levere avfall.

VI

vil jo gjerne vera gjestfrie og nyskapande.  Sist i mai er det Flåklypa Grand Prix. I juni er Fjordningsmartnan oppe og går att.  Og heile sommaren elles er det turistsesong.

LOMSBYGDA

er både heimen vår og den kvalitetsvara vi tilbyr gjestene våre. Vi er vertskap og vi er rollemodellar.

REIN

bygd og rein natur krev stell. Rein handlekraft må til for å få til ein slik stordugnad no. 

Tek de utfordringa?

Tips ein ven Skriv ut