Aktivitetsdagen Vær me' laurdag 6. oktober

Vær me'!

Laurdag 6. oktober kl 11-14,saman med Hausttakk, blir det arrangert ein stor aktivitetsdag i Skjåk. Vær me' dagen er Skjåk og Lom si markering av Verdsdagen for psykisk helse. Vi har valt å arrangere ein stor aktivitetsdag for barn, ungdom og familiar, der alle kan få kome å prøve seg på nokre av dei mange aktivitetstilboda vi har i bygdene våre. Du vil garantert finne ein aktivitet du ikkje visste eksisterte i Skjåk og Lom.

Nysirkus, skating, innebandy, travers, fotballtriksing, riding, og mykje meir!

Her er aktivitetane du kan vera med på laurdag:

Nysirkus med sjonglering, tallerknar,diablo og mykje meir. Lær deg spennande sirkustriks! Julianne Morken har gått på sirkusskule og er ekspert! Ho vil lære bort fullt av triks. Du vil finne henne på grasplenen mellom kjøpesenteret og skateparken frå kl 11-14.

Skating. Stian T. Karlsson og Daniel Eid har samla saman mange av skaterane i bygda i den nye skateparken. Kom til skateparken og sjå imponerande skating, og kanskje plukke opp eit tips eller to. Desse gutane kan hjelpe til med informasjon og tips til korleis ein kan starte med skating.

Volleyball. Etter haustferien startar eit nytt tilbud opp i Skjåk. Kvar fredag frå kl 19.30-20.30 held Skjåk IL v/Jarleif Ellingbø hallen open for ungdom frå og med 7. klasse. Her vil det bli volleyball, innebandy og badminton. Heilt uforpliktande. Du kan kome så ofte eller sjeldan du vil. Kom og test ut volleyball under Vær me'dagen!

Innebandy. Lom Innebandyklubb har spelt innebandy i fleire år. Dei spelar med vant rundt bana og større mål med keeper. Innebandy er ein utruleg spennande aktivitet, og det passar for alle. La Lom IBK gjengen inspirere og motivere deg!

Fotografering med Lom knipsarlag. Foto er ein fin hobby. Ta med kamera på Vær me'dagen og bli med i fotokonkurransen til Knipsarlaget. Her kan du få gode tips om kunsten å ta gode bileter.

Turn. Turngruppa i Skjåk IL er svært aktiv, og aktiviserar mange ungar frå både Lom og Skjåk. Kom til hallen og prøv ut nokre av dei spennande aktivitetane turn har å by på.

Travers. På grasplenen mellom kjøpesenteret og skateparken set Aktiv i Lom opp ein travers, også kalla ei zip-line. Hengande i ein klatresele susar ein frå eine enden av lina til andre. Superartig!

Svømming/bading. Svømmehallen i Skjåk vil vera open frå kl 11-14 med gratis inngang.

Barneridning. Skjåk Hestlag har hestutstilling og barneridning ved Mogard i Skjåk. Kanskje hest er noko for deg?

Fotballtriksing. Kom og sjå den kjende fotballtriksaren Azun vise alle sine beste triks! Han held oppvisning på grasplenen mellom kjøpesenteret og skateparken kl 14. Kanskje kan ein få nokre gode tips?

I tillegg har vi utstilling av teikningar som ungar i Lom og Skjåk har laga. Desse vil du finne inne på kjøpesenteret på veggen utanfor Alasso. Det vil bli trekt ut ein del premiar til dei dyktige teiknarane.

Kom og bli med på ein spennande og aktiv haustdag under Hausttakk i Skjåk!

Vær me\\\\\\\'
Tips ein ven Skriv ut